Blogging er noko mange benytter seg av, enten for å få ut følelsar, for å vise seg fram eller kanskje berre fordi dei rett og slett synest det er morosamt. Eg har sjølve hatt eit par bloggar for nokre år sida, men når eg tenkjer meg om, var det nok berre fordi alle andre dreiv med blogging – eg hadde ikkje særlig mykje utbytte av det. No følgjer eg berre med på nokre bloggar som eg både synest er fine og bra, og nokre er faktisk så stygge og teite at eg blir nød til å følgje med på dei for å få ein god latter for dagen. Nokre bloggar om mote og skjønnheit, nokre om kvardagen sin, og nokre bloggar rett og slett om det som faller dei inn! Blogging er ein fin ting, om man bruker bloggen sin riktig!
- sigrid
Så fint at du har skrive på nynorsk - og så fint at du har ein del erfaring med blogg fra før. Eg er einig i at ikkje alle bloggar er like gode..., men det viktigaste for oss er kanskje at vi får skrive litt meir og litt oftare:)
SvarSlett